1
1

Leirdue bane

Leirduebana på Grovastøylen skyte- og aktivitetssenter ligger lengst i øst av anlegget og drivast av Flora JFF.
Standplass er bygget for «jegertrap» og har 5 postar der skyttarane skyter 1 skot etter tur, 5 skudd kvar før alle rykker ein post til høgre slik at alle skyttarane til slutt har skutt 5 skudd på kvar post.

Bana har leirduekaster med «akustikkanlegg», dvs at der er mikrofonar som lyttar etter skyttar sitt JAAA før den slepp dua utover i terrenget.

I samme bygg som standplass er det eit stort og trivelig påmelding/venterom der det går an å sitte ned for ein prat mens man venter på tur.

Flora JFF har også ei grillhytte på plassen som brukast ved forskjellige anledninger og arrangement i regi av foreninga.
Det er gode parkeringsmuligheter 50 meter fra standplassbygget.

Leirdueskyting er både ein sport og god trening for dei jegerar som brukar hagle på jakt.
Flora JFF har hagler til utlån og tilbyr instruksjon i hagleskyting for alle som vil prøve.