Arkiv for kategori: Aktivitetar

Tirsdag 27. oktober 2016

På tirsdag 27. oktober, startet Brandsøy skytterlag med skyting kl 16:00, på grunn av at det blir tidlig mørkt.

Vel møtt.

Offisiell opning av Grovastøylen Skyte- og Aktivitetssenter!

Det er med stor glede at vi no kan invitere til opning av Grovastøylen Skyte- og aktivitetssenter! Etter mange års godt arbeid ønsker vi no belkommen til eit praktanlegg i regional og nasjonal særklasse. Anlegget står no klart til å tilby aktivitetar på heile fem ulike standplassar og vi er i sluttspurten med klubbhus. Dette vert eit praktanlegg både for Flora kommune og for alle jakt- og skyteinteresserte i heile Sogn og Fjordane!

Laurdag 6. Juni kl. 12.00 vert den offisielle opninga av Grovastøylen Skyte- og Aktivitetssenter. Vi inviterer til eit ope arrangement for heile famìlien, og vi håper flest mogleg har høve til å vere med å feire denne dagen, både innbyggarar frå Flora kommune og tilreisande frå fylket.
Ein viktig milepæl er nådd!

Program for offisiell opning på Grovastøylen laurdag 6. Juni kl 12.00

Kl 12.00 Eikefjord skulemusikk spelar
Kl 12.05 Velkomst v/ styreleiar Brigt Samdal
Kl 12.10 Tale v/ ordførar Bengt Solheim
Kl 12.20 Tale v/ rådmann Terje Heggheim
Kl 12.30 Presentasjon av Grovastøylen AS v/ Brigt Samdal
Kl 12.45 Offisiell opning v/ Skytterkonge Egil Melvær
Kl 12.55 Eikefjord skulemusikk spelar
Kl 13.00 Velkommen til gratis kake og kaffi!
Kl 13.45 SHOW – Trickskyting på leirduebana
Kl 14.00 Etter oppvisninga vert det aktivitetar på dei ulike standplassane

Grovastøylen AS ynskjer velkommen til offisiell opning og open dag på Anlegget!

Skytebana blir klar til våren (Firdaposten)

Sjølv om det foregår skyting på Leirduebana, så gjenstår nok litt meir enn berre akustisk anlegg før bana er ferdig. Standplassbygget på leirduebana er ein del av anbodet og arbeidet som no vert starta. På Viltmålbana derimot, er det berre litt småplukk igjen før den er heilt ferdig. Jeger-og fiskeforeninga melder at «elgen» er på skinner i løpet av neste veke.

Artikel Firdaposten

Mykje aktivitet inne på anlegget.

Mykje aktivitet inne på anlegget for tida. I tillegg til aktivitet på Leirduebana og testskyting på Viltmålbana, så har og Politiet øving på anlegget dei neste vekene. Om nokre dagar kjem entreprenør på plass for å reise standplassbygga på DFS 100- og 200-metersbanene, Pistolbana og Leirduebana. Kjempeinnsats av Flora Jeger- og fiskerforening har no førd til at Viltmålbana er så godt som ferdi.

Velkommen til Grovastøylen

Velkommen til Grovastøylen sine nye nettsider.